onsdag 10. februar 2010

Sjukefråvær eller skulkefråvær?

Dette er overskrifta på “Dagens” i Si:D-spalta i Aftenposten i dag, onsdag 10. februar. Bakgrunnen for innlegget er at Utdanningsdirektoratet ei tid tilbake endra på/presiserte forskrift til utdanning om kva rettar elever har til å trekkje frå fråværet sitt. No har det vorte enklare å trekkje frå dagar der du har vore borte frå skulen på grunn av sjukdom, politisk arbeid eller liknande. Kva meiner de? Er det rett at det skal vere lov for alle 2010-02-10_1507elevar å trekkje frå inntil 14 dagar av fråværet sitt – kvart år, nesten uansett ? Kva gjer dette med haldningane til å vere borte? Trur de at mange elevar kjem til å ha lågare terskel for å bli heime dersom dei ikkje er heilt i slag ein dag frå no av?  Får høgt fråvær blant nokre elever konsekvensar for dei andre elevane i klassa? Og lærarane, får dei same mogelegheit til å gjennomføre undervisninga dersom det stadig er høgt fråvær i klassene? Til sjuande og sist kan dette skape haldningar som kan få store konsekvenser for korleis dei unge i dag kjem til å sjå på sitt eige fråver som vaksne arbeidstakarar. Kva konsekvensar kan det få?
Les artikkelen i Aftenposten om du ikkje har sett han enno. Gjer deg opp di eiga meining og køyr debatt i kommentarfeltet!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails