søndag 30. august 2009

Bloggoppgåver veke 36

Eg tenkte at det kunne vere ein god idé å samle alle bloggoppgåvene her på Protokollen slik at vi kan gå tilbake i bloggen som tida går og sjå kor mykje vi faktisk gjer gjennom året. Nokre innlegg vil vere på nynorsk - særleg no som Are Kalvø har lært oss at det skal særs lite til for å gjere suksess på denne måforma, har eg fått blod på tann. Vi får sjå, kanskje det blir ein pris på norsklæraren dykkar? Eg har mine tvil, for å vere ærleg. Men akkurat som dykk treng eg å skrive ofte for å halde kunnskapar og dugleik i faget friske. Dette får vere min arena for det.
Til saka: I førre veke las vi ei novelle saman på skolen. Det var "Matt.18.20", skriven av Tor Åge Bringsværd i 1957, men ho kom ikkje ut før i 1967, i samlinga Rundt solen i ring. Vi fekk òg besøk av den allereie nemnte Kalvø. Derfor er oppgåvene denne veka knytt til desse to hendingane: Du kan anten skrive ei kort melding av showet til Are Kalvø. Om du vil bruke eit bilete frå showet som illustrasjon kan du gjerne ta eit av mine. Du finn dei i Dropboxen min. Gje gjerne terningkast om du vil! Eller du kan skrive eit innlegg om novella "Matt 18.20" av Bringsværd. Nemn nokre verkemiddel og sei noko om kva du trur temaet er. Innlegget ditt bør vere ca 250-400 ord. Lukke til!
Biletet har eg tatt sjølv, og det ligg på Flickr med løyve frå Kalvø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails