- "Man" er eit reint bokmålsord. Det kan ikkje brukast i nynorsk. Hugs det no. Bruk berre "ein".
- "Eigen" må bli bøygd i samsvar med substantivet. Det vil seie at det heiter "sin eigen bil (hankjønn) "si eiga bok (hokjønn), "sitt eige hus" (inkjekjønn) og sine eigne born (fleirtal). Hugs dette. Det same gjeld "nokon", men om de nyttar "noen" i staden for vil de unngå heile problemstillinga. Det blir ikkje bøygd, nemleg.
- Det er ofte betre å bruke verbet å bli-blei-har blitt i staden for å verte-vart-har vorte. Sistnemnte blir så lett blanda saman med å vere -var-har vore. Ikkje skriv vart dersom de meiner var.
- Utruleg mange av dykk kan framleis ikkje bøye "å skrive". "Skreve" er noko heilt anna, og de må rett og slett slutte å skrive det. Det skal vere: "Boka blei skrive av/romanen er skriven av/tekstene blei skrivne av...."
søndag 13. september 2009
Ingunns tips for betre nynorsk
Eg har retta mykje nynorsk dei siste par vekene og kan dermed seie litt meir om kva de treng å bli betre i. Det er nokre feil som går igjen hos mange av dykk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Er det ikke slik at "vert" og "blir" har samme betydningen som på tysk, i alle fall i visse dialekter?
SvarSlettAltså, "werden" betyr å forandre seg til noe, mens "bleiben" betyr å forbli i tilstanden man er i.
Det vet jeg ikke, men det kan selvsagt godt være tilfelle i noen dialekter. I mange andre er det ikke sånn.
SvarSlett