onsdag 3. mars 2010

“Det er ikkje ein ordentleg blogg

..før du skriv innlegg både på [nynorsk] og på bokmål”, skreiv Caroline nyleg på bloggen sin. Det er sjølvsagt mogeleg at ho meinte det ironisk, men eg blei interessert likevel.  God ide, tenkte eg. Ho har jo rett, i allfall om det er ein norskblogg vi snakkar om. Så oppgåva er innlysande: Skriv eit innlegg til neste gong på nynorsk! Forslag til tema for innlegget ditt:
Spring, finally
  • Vårkjensler (dikt, prosatekst)
  • Norske OL-heltar – kven er din favoritt og kvifor?
  • Ei god bok du har lese ( som er skrive på nynorsk) og kvifor ho er god
  • Facebook på nynorsk?! Læraren har blitt gal…eller?
Du står fritt til å velje eit av desse eller eit heilt anna tema, men dersom fantasien tek fullstendig fri, så kan du saktens skrive ei ny omsetjing av eit ferdig innlegg. Fristen er å ha det klart innan fagdagen i uke 10.

Har du fritak frå sidemål, så skriv du sjølvsagt eit innlegg på bokmål. Enkelt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails