søndag 25. oktober 2009

Bloggoppgåve veke 44: Å sette problem under debatt

De to siste vekene har vi arbeidd oss inn i den tankegangen som dominerte utviklinga på 1800-talet. Vi har snakka om det moderne prosjektet og kva konsekvensar det fekk for kunst og litteratur på 1800-talet. De har laga ein bra ressurs på wikien om Henrik Ibsen, og de har sett at han var oppteken av å løfte fram og drøfte det som var problematisk i den samtida han kjende. Vi har også drøfta kva Georg Brandes sa om det moderne gjennombrotet. Vi har mellom anna snakka om Christian Krohg og Albertine, og vi har diskutert nokre skilnader mellom poetisk realisme, realisme og naturalisme. Kva relevans har dette for oss i dag? Er der nokon i det heile? Er der spor av dette tankegodset i vår eiga samtid?

Les utdraget frå "Hovedstrømninger i det 19. århundrets litteratur" frå 1871 av Georg Brandes på s. 315 i Spenn. Etterpå skal du gjere ei av desse oppgåvene:

  1. Georg Brandes krev at litteraturen må sette problem under debatt. Kva problem meiner du at litteraturen i vår eiga samtid bør debattere?
  2. Kva for problem blei sette under debatt av forfattarar som Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, August Strindberg og Amalie Skram og andre under "det moderne gjennombrotet" i nordisk litteratur?
  3. Georg Brandes skriv at Danmark er "40 Aar tilbage for Europa". I artikkelen "Psykoanalyse og diktning" frå 1932 seier forfattaren Sigurd Hoel at det har teke psykoanalysen 40 år å kome til Noreg. Samanlikn og kommentér oppfatninga av det danske og det norske andslivet slik det kjem til uttrykk i tekstene.

Svaret ditt skal du publisere på bloggen, og du må som vanleg vere nøye med å oppgje kjelder. Du skal skrive på nynorsk.

Kjelder:
Biletet er frå Wikimedia Commons og kan nyttast fritt. Det er ei fotografisk attgjeving av Peter Severin Krøyer (1851-1909) sitt måleri av Georg Brandes. Måleriet har falle i det fri på grunn av at kopirettane er forelda. Det vil seie at opphavsmannen døydde for minst 70 år sidan.
Oppgåvene er henta frå Spenn Vg3 s. 316 (Jomisko m.fl., Cappelen 2008)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails